Det var alltid så kjekt å treffe Kjell, uansett om det var på land eller sjø. Han var alltid så smilande, pratesjuk og levande interessert i det som skjedde rundt om.
Kondolerer så masse til familien.
Dessverre er eg ikkje heime og får derfor ikkje delta i begravelsen.
Fred over minnet.
Gode onkel Kjell. Du modellerte i både ord og handling kva det vil seie å vere heil ved og ein skikkeleg mann. Takk for ditt gode minne, rausheut og omtanken du spredte. Du gjorde verda betre rundt deg og har alltid vore eit av desse gode menneska som skapte gode minner. Takk for den praktiske kjærleiken du synte med ei hjelpande hand, fisk og ein hyggeleg prat med vår familie og for pappa. Han var veldig glad i deg. Guds fred over ditt gode minne.
Onkel Kjell var ein en alltid kunne rekne med. Alltid hjelpsomme og gavmilde, om det var å få låne stillas eller å få seg fersk fisk, eller snakke om tide før mi tid. Kvil i fred onkel...du blir djupt sakna...
Kondolerer til familien.
Det var ei trist melding eg fekk fra Bjarne sist uke.
Vi var sammen på M/Grete Kristin og M/S Garpeskjær til i 97-98 da du sluttet på storsjøen.
Vi har holdt kontakten etterpå for Du var veldig interessert i å få frette nytt fra oss fiskerne.
En hedersmann har gått bort.
En siste hilsen fra
Kurt
Skipper
Hvil i fred.
Alltid kjekt å treffe Kjell både på Flister og i Måløy- kondolerer til familien
Takk for godt venskap gjennom fleire generasjonar, mange gode råd og hyggelig samvær. Fisken vi hadde til middag i dag fekk vi av deg i påska. To dagar ringde du og sa at no er det berre å kome og hente. Lang prat kvar gong. Slik var du alltid - generøs og snill, kamerat og mentor. Takk for alt og kondolerer varmt til familien. Vi kjem til å sakne deg djupt. Helsing Mina, Elias, Anette og Herman
Takk for godt naboskap️. Og den gode fisken vi fekk av Kjell. Sender varme tanker til Edith med familie️❤️
Takk for mange gode samtaler og minner Kjell🌹. Flister mangler noe vesentlig når du er borte! Kondolerer til familien️. Minnene lever. Kvil i fred️
Takk for godt samhold gjennom mange år.
Tusen takk for for mange gode stunder sammen og alt jeg har lært av deg. Hvil i fred, kjære Bestefar ️
Takk for mange kjekke år ilag på fiske. Kvil i fred Kjell🌹
Kondolerer til familien.
Kondolerer så mye til familien. Vi har gode minner om Kjell da vi møttes for første gang og var så heldige å være med i båten på en liten fisketur. En fantastisk fin mann som vil bli savnet. Hvil i fred.
Takk for alle dei hyggelige samtalene eg har fått gleda av med deg🌹Kondolerer til familien🌹
Kjell vil alltid leve i våre minner. Våre tanker og dype medfølelse går til Edith og familien.
Kondolerer så mykje til de i nær familie. Eg føler med dykk i sorga. For meg var Kjell ein fantastisk rollemodell, ven og hjelpar. Mangt har vi gjort ilag, mykje hjelp har eg fått, og mykje har vi tøva med og flira av. Vi hadde stor glede av å vere ilag. Eg er svært takksam for dei store spora Kjell har sett i livet mitt. Minna lev vidare. Kvil i fred.
Takk for alle gode samtaler og stunder vi hadde. Du vil bli savnet. Hvil i fred
Kjære gode og høgt elska Pappa,
Så var dagen din kommen, og livet generelt og Flister spesielt blir aldri det same utan deg. Du etterlet deg eit stort tomrom og det er umulig å beskrive med få ord kor mykje du betyr for meg og mi familie. Savnet er stort, sårt og inderlig.
Sjølv om vi ikkje såg kvarandre så ofte, hadde vi ofte kontakt på telefon. Vi kunne ringje til kvarandre når som helst og løyse små og store verdensproblem, eller rett og slett bare høyre at alt sto bra til. Og vi begge gleda oss i lang tid til sommarferiane der eg og mine fekk mykje kvalitetstid saman med deg i ditt fantastiske univers.
I tillegg til å vere blant anna ein fantastisk kunnskapsrik, klok, snill, hjelpsom, raus, ærlig, rettferdig, lojal og omtenksom far og bestefar, var du for meg også ein av mine aller beste venner og mentor. Det var ikkje noko eg ikkje kunne snakke med deg om. Og du hadde ein stor porsjon sjølvironi og ein herlig humor.
Du var ein kreativ og løsningsorientert mann, ein tusenkunstnar som stort sett ordna og fiksa det meste sjølv. Du har alltid vore ein god læremeister, både til lands og til sjøs, noko som også barnebarna som du elska så høgt fekk gleden av å oppleve. Eg er svært takknemlig for alle disse åra som eg har fått saman med deg, og for alt du har lært meg og gitt meg.
Minnene er mange og gode, og det er dei vi no held fast ved for å hedre deg vidare, og for å komme gjennom den tunge sorgprosessen. Tusen takk for at du var akkurat den du var, kjære Pappa.
Enda ein bauta frå mine år i Flister er borte. Eg vil minnast Kjell som ein som alltid var interessert i kva andre mennesker hadde fore og for venlege ord på vegen.
Takk for alle gode minner og stunder i lag.. Du vert djupt sakna. Kvil i fred.
Kjære elska pappa, dette er så tungt og vondt. Du har alltid vore der å lene seg på og drøfte med, du har fiska og bokna gode middagar til meg og eg har steikt natronkaker til deg - det vil ta lang tid å forsone seg med at du døde så brått. Eg tek med meg ånda di og alle dine gode ønskjer for andre vidare. Ein havets og sjøens mann som du forsvinn aldri heilt frå den vakre Flistrapollen.
Ei siste helsing frå Edgar, Arnstein, Martha, Else, Jarle og Gerd med familier
Takk for godt vennskap gjennom tidene. Fra oss på Straumen. Herman m/familie. Ellen m/familie
En stolt fisker og sjømann har lagt inn sine årer og seiler nå videre inn i Guds evighet
Vår medkjensle i sorga ♥️