10.november 2023.
Gravferd og minnestund.
Honndalen låg der med fjell og vatn.
Ei svak sol bak mjuke skyer.
Fjell med snø på toppane.
Rim på kald jord.
Ei ro og fred over bygda der oppe ved 62.breiddegrad.
Folk samla seg i Hornindal kyrkje.
Vi var nær på 200 som kjende på eit sakn, ei sorg.
Vi benka oss i den vakre kyrkja bygd i 1856.
Der la vi att minnegåve til å halde stiar og turråser opne, i Mattias si ånd, slik Kari, Ragnhild og Ingeborg hadde ynskje om.
Vi song og reflekterte.
Vi høyrde prest Rolf Schanke Eikum ta oss i mot med rause ord og tankar.
Kari, Ingeborg og Ragnhild teikna opp bilde av ein ektemann, far, svigerfar og bestefar som gav gjenklang i hugen.
Vi deltek i deira sakn og sorg. Den er også vår.
Det er sterkt, sårt og samstundes kjenslevart og eit fagert minne
Å sjå så mange kjende sambygdingar gjorde eit sterkt inntrykk.
Og omlag 90 av oss fekk plass i "Varmestova" - kjenn på namnet.
Her fekk vi sosialt samver, song og musikk.
Vi vart møtt av bilder på borda av Mattias, og sjølvsagt Kvikklunch. "Det må ein ha når vi skal på tur".
Og god mat med kake og kaffi. Slik det var, når Mattias samla slekt og vener.
Gode kameratar frå ulike fasar i livet, nære vener og slekt framførte ord om Mattias.
Vi sat att med forsterka bilde av denne trufaste venen, denne rause og humoristiske mannen, som alltid var å stole på. Alltid!
Og om fjellet og turar i inn og utland.
Takk til Kåre Haugen, Ivar Kåre Moen, Jan Konrad Olseth, Jens Ole Løken, Einar Østvold, Bernt Nissen, Odd Jarle Kjørstad og Inge Haugen for ord og tonar.
Av alle gode historier, sit det særskilt att to frå Jalle, barndomsven:
Om då dei som 15-åringar feira skuleavslutning og ein brande frå Oppstryn var i ferd med å kaste Jalle på fjorden, fordi han redda ein 17-maitrompet. Mattias var der, kasta seg fram og hengde seg på Jalle, og redda både helse og ære ved rask inngripen. Tøffingen, Mattias.
Eller då ein overmodig, ungguten Jalle, skulle vise seg. Gutane utfordra fysiske lover. Han klatra fingerlangsmed takrenna, og kjende på at taket var i ferd med å glippe. Under 10-åringen, som hang der med glatte fingrar, sto det glasballongar med maursyre. I det han kjenner at grepet glepp, og det kan bli dramatisk, kjenner han at kameraten Mattias har grep om beina. Mattias har tatt sjansen. Han har klatra opp på maursyreballongane med høg risiko. Han reddar kameraten frå katastrofe.
Vi har alle ein inderleg kjensle av varme, takksemd og saknad.
Minnestunda var i Mattias si ånd. Vi song dei songar Mattias framførte med sterke kjensler.
Takk til alle som gjorde stunda så minneverdig.
Takk for alle gode ord, sterke handtrykk og hjartevarme klemmar. Det varmar inderleg.
Ååå, kor vi saknar Mattias, vår kjære og gode.
Kjære gode bestefar, svigerfar og pappa. Uvirkelig og vondt at du er borte. Tusen takk for alt du har vært og alle gode minner. Du etterlater deg et stort tomrom. Vi var veldig glad i deg og savner deg️.
Takk for alle alle gode stunder og samtaler gjennom årenes løp,
Vi føler med dokke i sorga og saknet. Mattias var ein kjekk og positiv kar,
Helsing Bjørn Lødemel med familie og Anna Lødemel
Kjære Matthias
Takker for at eg fekk bli kjent med deg! alle tiders å komme te Brenna på besøk og på påsketur te Hondalen. Alltid smil rundt munnen og bestandig var det klem på begge kinn! Gode deg!
Håper du har det bra der du er nå! Kvil i fred!
Vår medkjensle!
Takk for mange gode minner gjennom åra på Stryn ungdomsskule, vi var ein fin gjeng i 9B, og Mattias var alltid lett og hyggjeleg å prate med. Du vil bli sakna
Det var så fint å bli kjent med deg Mattias️
Takk for gode minner:
Smilet var alltid der.
Klokskapen og stor arbeidslyst.
Gode og relevante kommentarar.
Og den hjartevarme måten du møtte småungane på.
Fleire på sida her takkar for godt turfølgje.
Vi var på Navletua for nokre år sidan.
Den ligg der over Honndalsvatnet, og er ein del av bygdeprofilen. Vi andre kjende det i beina. Mattias var trena og sterk, og smilte medfølande over oss som sleit oss heim.
Vi hadde gleda over badetur ein gong i veka siste halvåret, før heimreisa til Honndalen.
Vi trena i varmt vatn. Litt sliten la Mattias seg på flot, og vi lagde oss historier om å reise med "Honndølen" utover Honndalsvatnet:
Om folk vi møtte langs ferda. Mattias kosa seg. "Det er dagens høgdepunkt".
Og vi snakka om bestefar Mattias Kjøs som vart kasta av hestelasset, og drukna i Honndalsvatnet. Dramatisk for mor Laura, 11 år då, og som seinare ikkje ville sonen skulle lære å sømje. Det var fårleg.
Det vart ikkje bading på unge Mattias då..
Men no kosa han seg i vatnet!
- Kva ville mor di sagt, om ho såg deg i aktivitet rundt i bassenget?
Mattias humra godt. -Issa fy!
Etter badet: Kva musikk vil du ha i dag, Mattias?
Wreswick!
Neste gong vi var i badet vart det "Varje gång du tar av dig skorna,
Så medge att det känns skönt!"
Vi minnest denne fine karen med takksemd, og vi kjenner på sorga over tapet.
Vi sender dei beste tankar til Kari, Ragnhild, Ingeborg m/familie, Rolf, Marie m/familie og Astrid m/fam og etterkomarane.
Kjære, gode Mattias.
Tusen takk for alle hyggelege stunder. Kjenner ingen som er så glad i raspeballar som du. Trur rekorden var 5 stykker. Du vil bli savnet.
Kjære gode Mattias. Takk for alle hyggelige stunder. Kjenner ingen som var så glad i raspeballer som du, tror rekorden var 5 stykker. Du vil bli savnet.
Åra 1959-1966 budde vi i Honndalen. Eg Katrina, er så takknemleg for at eg fekk møte Mattias i sommar. Vi gjekk i same klasse på folkeskulen, og kunne m.a. dele minner frå den tida.
Ellers hugsar vi med stor glede tilbake på treff i Honndalen, i sumarsol ved Honndalsvatnet.
Vår medkjensle og våre varme tankar går til Kari, og familiane, i denne tida.
Tusen takk for alle fine ord dere har skrevet om min kjære umistelige, gode og humoristiske pappa, samt for alle lys som har blitt tent. Galleriet er oppdatert med bilder av pappa. Bakgrunnsbildet på minnesiden er fra turen vi hadde på pappas favorittfjell Gulkoppen.
Pappa var et utrolig godt og varmt menneske med mye humor og omsorg. Savnet etter pappa er dypt og ufattelig stort. Jeg føler at jeg har mistet en del av meg selv.
Takk for gode minner frå studietida, på Nordfjordhytta og elles når vi møttes!
Kjære Mattias. Takk for all hygge og gode minner, mange turer og «styremøter». Varme tanker til familien.
Takk for gode minner fra Haugerudhagan
Takk for mange gode minner!
Takk mange gode minner Mattias️. Du var lun og god, hadde alltid en kvikk og morsom replikk på lur. Takk for gode klemmer på begge kjakene️
Vi jobbet sammen i Teknisk Data, og jeg husker Mattias som en rolig og stødig kar, som du kunne snakke fortrolig med. Minnes de firmaturene vi hadde med Mattias og Kari, Ragnhild og Ingeborg.
Takk for alle gode minner og trivelige samtaler på våre "Låke" turer. :-)
Takk for alle gode minner Mattias. Du var en fin mann med all din varme og lune humor. Du vil bli savnet. Gode tanker til de nærmeste.
Takk for alle minner og hyggelige stunder vi har hatt sammen Mattias. Du er sårt sakna.
Kjære onkel Mattias
Takk for alle gode minner! Du er sakna️❤️ klem frå Karoline
Du har vært en veldig god og snill onkel som gav meg gode råd, så du vil alltid være i mitt hjerte og dypt savnet.
Du var ein god turkamerat på fjella i Honndalen. Takk, Mattias.
Tenker på dere i sorgen og sender mine varmeste tanker til Kari og den nærmeste familien.
Himmelen har fått en ny engel som lyser på himmelen. Takk for alle de gode minnene jeg sitter igjen med, verdens snilleste, kjekkeste og morsomste onkel. Du er og blir dypt savnet.
Tusen takk for alle koselige stunder sammen med deg, Mattias, med mye glede, latter og mimring. Bjørn takker også for alle de fine turene som du, Bjørn S. og han hadde sammen.
Takk for gode minner gjennom mange år
Uten deg, Mattias, hadde ikke Åshild og Dag kommet seg på «Rokken». Takk for gode minner. 🌹
Takk for fine minner. Du vil bli savnet. 🌹Marit og Nils.