Vi minnest tante Marie med takk og glede.
Tante Marie var gift med yngste bror til mor, Henry. Vi budde i Ørsta og dei på Stranda. Det gjorde at vi kunne møtest no og då. Spesielt hugsar eg den gongen eg sykla til Stranda via Hundeidvik og Stranda over Strandafjellet. Over fjellet regna det stritt, og det var grusveg. Straks Marie opna døra då eg banka på, braut ho ut i sin trillande og frie latter, - den latteren som sat laust hjå henne. Ho tok meg inn i vaskerommet og spylte av meg sand og skit, alt med eit smittande humør. Eg vart ikkje lei meg, eller meir våt, berre fri frå det meste av sanden. Og godt teke vare på etterpå.
I seinare år har eg og kona mi: Hanne Lise, vitja henne når vi har vore i Ørsta. Kvar gong har ho servert middag og kaffi. Men mest av alt: Marie var så kjekk, og interessant å vere hos, - så full av sprudlande liv. Trass i problem med synet, - dobbeltsyn, som skapte lesevanskar for denne lesande kvinna, las ho og følgde med, var med i kor og kulturliv og var ute med vener. Det var ein fest å vere hos henne. Ho var av dei som gjorde verda betre. Berre synd at vi dei seinare åra har budd 40 mil derifrå.
Marie var det siste bindeleddet til den generasjonen som var før oss. Vi er takksame som har hatt henne som tante og ven. Vi saknar henne, og lyser fred over minnet.
Helsing Roar Arne (Velle), og Hanne Lise.
Takk for gode arbeidsår ilag på Rådhuset og for samvær og gode samtaler privat. Eg vil hugse deg som ei klok og livsglad dame og vil sakne deg kjære Marie. Kvil i fred.