En siste hilsen. Kvil i fred.
Eg kjenner på takksemd over å hatt han Jørn-Jon som god og kjekk ven gjennom livet mitt. Eg vil minnast Jon som ein hardtarbeidande mann, ein som sette familien sin først men han var ein som også såg oss småungane i grenda. Eg opplevde han som ein stillferdig mann, som ikkje hadde behov for å stikke seg fram, men som alltid var der. I seinare tid har eg hatt fine stunder saman med han på «heimen», dette er også stunder eg vil bere med meg i hjertet mitt. Signe minnet.
Kjære gode pappa️❤️Takk for ein fin og trygg barndom i Jørngarden. Du lærte meg å arbeide, være tålmodig og å halde ut. Du lærte oss å sette pris på det vi hadde, at lukka ikkje var gull og glitter. Du var trufast hjå mamma og sette familien din fyrst.
Ein mann av få ord, men hadde eit hjarte av gull️ Du klaga aldri. Kunne være trøtt og sliten, men du ga aldri opp.
Takk for alt kjære pappa. Eg unner deg å kvile no. Vil sakne deg sårt, men vi skal møtast igjen️❤️