10.november 2023.
Gravferd og minnestund.
Honndalen låg der med fjell og vatn.
Ei svak sol bak mjuke skyer.
Fjell med snø på toppane.
Rim på kald jord.
Ei ro og fred over bygda der oppe ved 62.breiddegrad.
Folk samla seg i Hornindal kyrkje.
Vi var nær på 200 som kjende på eit sakn, ei sorg.
Vi benka oss i den vakre kyrkja bygd i 1856.
Der la vi att minnegåve til å halde stiar og turråser opne, i Mattias si ånd, slik Kari, Ragnhild og Ingeborg hadde ynskje om.
Vi song og reflekterte.
Vi høyrde prest Rolf Schanke Eikum ta oss i mot med rause ord og tankar.
Kari, Ingeborg og Ragnhild teikna opp bilde av ein ektemann, far, svigerfar og bestefar som gav gjenklang i hugen.
Vi deltek i deira sakn og sorg. Den er også vår.
Det er sterkt, sårt og samstundes kjenslevart og eit fagert minne
Å sjå så mange kjende sambygdingar gjorde eit sterkt inntrykk.
Og omlag 90 av oss fekk plass i "Varmestova" - kjenn på namnet.
Her fekk vi sosialt samver, song og musikk.
Vi vart møtt av bilder på borda av Mattias, og sjølvsagt Kvikklunch. "Det må ein ha når vi skal på tur".
Og god mat med kake og kaffi. Slik det var, når Mattias samla slekt og vener.
Gode kameratar frå ulike fasar i livet, nære vener og slekt framførte ord om Mattias.
Vi sat att med forsterka bilde av denne trufaste venen, denne rause og humoristiske mannen, som alltid var å stole på. Alltid!
Og om fjellet og turar i inn og utland.
Takk til Kåre Haugen, Ivar Kåre Moen, Jan Konrad Olseth, Jens Ole Løken, Einar Østvold, Bernt Nissen, Odd Jarle Kjørstad og Inge Haugen for ord og tonar.
Av alle gode historier, sit det særskilt att to frå Jalle, barndomsven:
Om då dei som 15-åringar feira skuleavslutning og ein brande frå Oppstryn var i ferd med å kaste Jalle på fjorden, fordi han redda ein 17-maitrompet. Mattias var der, kasta seg fram og hengde seg på Jalle, og redda både helse og ære ved rask inngripen. Tøffingen, Mattias.
Eller då ein overmodig, ungguten Jalle, skulle vise seg. Gutane utfordra fysiske lover. Han klatra fingerlangsmed takrenna, og kjende på at taket var i ferd med å glippe. Under 10-åringen, som hang der med glatte fingrar, sto det glasballongar med maursyre. I det han kjenner at grepet glepp, og det kan bli dramatisk, kjenner han at kameraten Mattias har grep om beina. Mattias har tatt sjansen. Han har klatra opp på maursyreballongane med høg risiko. Han reddar kameraten frå katastrofe.
Vi har alle ein inderleg kjensle av varme, takksemd og saknad.
Minnestunda var i Mattias si ånd. Vi song dei songar Mattias framførte med sterke kjensler.
Takk til alle som gjorde stunda så minneverdig.
Takk for alle gode ord, sterke handtrykk og hjartevarme klemmar. Det varmar inderleg.
Ååå, kor vi saknar Mattias, vår kjære og gode.
Vis mer
Vis mindre