Borgny Solveig Jørgensen

  • 05.07.1933 - 27.10.2022

Vår kjære mor, svigermor og farmormormor, Borgny Solveig Jørgensen, eldste dotter til Jenny, f. Opshaug og Sigurd Drege, vart fødd på loftet i Tante Mali-huset, onsdag 5. juli i 1933. Den nye heimen deira på Daltun var ikkje ferdigbygd enno og det var godt å ha husvære hjå mormor si eldre søster, Amalie. Seinare det året flytta dei til Daltun og i 1936 vart systra, Liv Julianne, fødd. Faren døydde av tuberkulose berre eitt år seinare og Daltun-Jenny måtte greie seg sjølv. Det gjorde ho ved å leige ut alle mulege rom på Daltun. I tillegg tok ho oppdrag som kokekyndig i selskap av alle slag. Sidan kom krigen med sine utfordringar, men mor har alltid sagt: «Vi leid ingen naud og eg kan ikke hugse at vi mangla noko». Bortsett frå ein tre månaders prøvetur til Lillehammer saman med venninna Karen Marie, har mor budd på Daltun heile livet. Etter fullført handelsskule og realskule - og Lillehammer-tur, byrja mor i arbeidslivet. Ho hadde sin første faste arbeidsplass hjå Gjerde og Nyberg. Det gjekk fort rykte om at ho var dyktig, og det gjekk ikkje lenge før P. I. Langlo «headhunta» henne til fabrikken sin, der ho arbeidde på kontoret nokre år. Borgny vart sportsjente, og hadde, saman med mange andre ungjenter på Stranda, ei fortid i Strandagymnastikken, som var leia av Jorunn Kaldhol. Mor spelte og på damelaget i handball. Ein vakker dag - usikkert om det var i 54 eller 55, gjekk ein staseleg kar frå Volda i land frå lastebåten «Venga» og vart tilbydd jobb av meieristyrar Holmgren. Gerhard Jørgensen var ferdig med tida si i Tysklandsbrigaden, hadde vore ei stund heime i Volda, og deretter altså fått seg hyre på «Venga», ein bergensk stålbåt som gjekk med last i Storfjorden den tida. Gerhard var og sportsmann. Han var mangeårig fotballkeeper, både i Volda og på Stranda. Faktisk også på kretslaget ei kort stund. I tillegg vart han trenar for handballdamene og det oppstod fort romantikk med ein av spelarane. «E sjekka opp handballtrenaren, skjøna døkke», sa mor ein gong. I september 1955 gifta dei seg og alt i februar kom odelsguten, som nesten sjølvsagt vart kalla opp etter morfar som døydde berre 31 år gamal, Sigurd Drege. Det var tronge tider, og mor vart igjen henta til ny kontorjobb. Denne gongen av Hans Slettvoll. Babyen måtte vere med på jobb, og medan mor var på «kontoret» - eit uferdig toalettrom i det nye huset til Slettvoll-Hans, vart Sigurd passa av søstrene Anne Lise og Torill Slettvoll. I 1960 kom Hilde til verda - denne gongen planlagt, og det var stor stas. Mor gjekk deretter ut i ny jobb hjå O.H. Lien, og vi borna kunne sitje i stovevinduet og sjå at mor arbeidde rett over gata. Sidan vart det arbeid med rekneskap, i sparebanken og seinare i Økonomiservice. Borgny var på 70-talet med på ei vekes reise til Tromsø for å hente, og lære seg å bruke den første EDB-maskina på Stranda. Mor og far hadde ein stor venekrets og på Daltun var det opne dører heile tida. Vi borna vaks opp med song og musikk og fine samlingar av familie og vener. Vi lurte oss av og til ut frå soverommet og låg på kne i gangen med stovedøra på gløtt for å få med oss litt av songen og spelet. Mor og far var korsongarar i meir enn 40 år, og det er vel den arven som har gått vidare. På slutten av 70-talet vart Gerhard sjuk. I meir enn 20 år hadde han ein reumatisk sjukdom som ingen vart kloke på. Dette vart vanskeleg for mor, som både måtte pleie mannen sin og vere yrkeskvinne. Far var ein snill og god mann, og sytte i mange år for at mor kom heim til ferdig middag. I popmusikarkretsar var han kjend for sin potetball, som var på ønskelista kvar gong sonen drog med seg blakke medmusikantar heim for å få husly og mat. Mor visste nok ikkje alltid kor mange som budde på Daltun då ho kom heim frå jobb, og utrykket «Børgny Booking» er nok kjent av mange. Det kunne nok knirke i samanføyingane av og til, men vi kom til slutt godt ut av det alle saman. I juni 1995 døydde far. Bonusbarnebarnet Stine Helen var med i familien frå 1987, og far fekk heldigvis og med seg nokre få år med dei to neste barneborna, Mari og Geir Olav, før han døydde. Minstejenta Silje Kristine vart fødd året etter - i 1996. Far spelte Bridge og var ivrig laksefiskar. Mor var meir glad i turar i naturen, både til fots og på ski, men deira store, felles interesse, var altså å synge i kor. Dei er begge heidra av korforbundet for lang og tru teneste. Høgdepunktet for Borgny kom då ho, saman med nokre korveninner var med i Sunnmørskoret, og deretter sjølvaste World Festival Choir, på europaturné i 1990. Dei fekk synge i Globen i Stockholm, i Gøteborg, i Oslo Spektrum, og ikkje minst i Arena di Verona i Italia, saman med 3000 andre songarar, Moskva Symfoniorkester, og med fire verdskjende operasolistar på scena. Mor var i alle år etter det stolt av å ha vore «koredame» for Luciano Pavarotti, som var den store stjerna. Borgny hadde stor omsorg for alle - både folk og dyr. Daltunkatten kunne av og til vere ei utfordring med sitt lunefulle temperament, og eg tipper at det er mange av skjorene i Dalane som saknar brødskivene til mor. Då aldersdemensen etter kvart vart tydeleg, vart det vanskeleg for mor å bu på Daltun, med alle gangane og trappene. Ho fekk tre gode år på Solbakken, før ho den siste tida fekk plass på avdelinga Mona på Lånamarka, berre få meter frå Daltun, hennar favorittstad i livet. Borgny var blid og fornøgd, og glad i alle som ville henne vel. Difor var det og lett å bli glad i henne. Etter to stygge fall, med lårhals- og armbrot, ville ikkje kroppen meir, og med alle sine rundt seg fekk ho sovne inn, natt til torsdag, sist veke. Takk, mor! Di stjerne vil blinke sterkt i all æve! Hilde Bergitte og Sigurd

Bestill blomster